Garden ved lurefjorden

Ved Lurefjorden i Alver kommune finn du garden Valle. Her, i randsona av den tusen år gamle bøkeskogen, har det vore produsert kjøt, mjølk, bær, korn og gras i mange hundre år. Mykje arbeid er lagt ned på bø og bakkar, med dyr og avling, av dei som rydda plassen og har vore her før oss.Kvilesteinen Långesteinen i solveggen på tunet har vore ein stad for ro, den gode samtalen og dei store og små tankane -unelege stunder! Produktene vi produserar er laga med dette i minnet — håpar det smakar!

PRODUKTER

Delikatesser

Vi er Line Valle og Tore Andre Sines og bur på garden Valle, om lag midt
mellom Seim og Lygra. Garden har vore drifta av familien i 6 generasjonar og vi overtok i 2020. Det er viktig for oss å halde garden og landskapet i hevd. Difor har vi starta opp med den bevaringsverdige geiterasen vestlandsk kystgeit. Dei er supre beiteryddarar og held landskapet ope. Kystgeita likar best å vere ute heile året og er kun inne ei lita periode i kjeinga. Frå den første starten med 4 geit er det no 25 kystgeit som bidrar til eit vakkert kulturlandskap.

HONNINGBÆR

I tillegg til å starte opp med geitehald har vi også dyrka opp eit
gammalt beiteområde og planta nærmare 200 honningbærbuskar. På grunn av dei gode eigenskapane vert honningbær også kalla «den vesle gåva ytterst på greina».

KJEKJØTT

Kjøt av geit er eitt av verdas mest brukte kjøtslag, men er lite
brukt i Noreg. Kjøtet er mildt, men framleis smakfullt. Det er magert, men likevel saftig. Ribbe til
pinnekjøtt og spekelår frå eldre kastratar er det mest ettertrakta produktet frå kystgeithaldet.

HONNING

Med god hjelp frå birøktar har vi også hatt bier knytt til honningbærfeltet. Dette har
resultert i ein særeigen honning som vi gjerne vil auke produksjonen av etter kvart.


HONNINGBÆR

Antioksidanter i bøtter og spann

Honningbær (haskap) veks vilt i opphavsområda Japan, Sibir og Nord-Amerika. Bæret har eit svært høgt innhald av antioksidantar, vitaminar og mineralar og er noko av det sunnaste du kan nyte. Namnet Haskap kjem frå japansk og tyder «mange bær på greina». Honningbær har vore brukt som medisinplante i Japan i
fleire hundre år. På grunn av dei gode eigenskapane vert honningbær også kalla «Den vesle gåva ytterst på greina». Ta kontakt for bestilling av hele bær i sesong.

  • Rikt på antioksidanter

  • Rikt på vitaminer

  • Rikt på mineralar


mildt, magert og smakfullt

KJE OG KASTRATKJØTT

Våre bukkekje vert kastrert like etter fødsel og nokre vert slakta ved ca. 8 mnd. alder. Resten av kastratane har vi her hjå oss lenger. Kjøt av geit er eitt av verdas mest brukte kjøtslag, men er lite brukt i Noreg. Kjøtet er mildt, men framleis smakfullt. Det er magert, men likevel saftig. Ribbe til pinnekjøtt og spekelår frå eldre kastratar er det mest ettertrakta produktet frå kystgeithaldet.

3. plass i NM 2023

HONNING

Med god hjelp frå birøktar har vi også bier knytt til honningbærfeltet. Dette har resultert i ein særeigen honning av villblomar og honningbær som vi gjerne vil auke produksjonen av etter kvart.

Vær først ute..

Her kan du bestille eller legge igjen din e-post for å være på listen når produktene våre er klare for salg.

Ta kontakt!

Instagram: @langesteinen E-post: [email protected] Tlf: 91575450

© Langesteinen.no All rettigheter reservert